Invitasjon for besøksvisum
Type invitasjon
-
Invitasjon frå familie eller venner
Kva er ein invitasjon?
Ein invitasjon er eit brev skrive av den du skal besøke. Dette leverer du inn saman med dei andre søknadsdokumenta dine.
Nokre ambassadar har eit eige invitasjonsskjema. Dette finn du i ambassaden sin sjekkliste. Dersom ambassaden har eit slikt skjema, kan den du skal besøke fylle ut dette skjemaet i staden for å skrive eit brev.
Kva må invitasjonen innehalde?
- opplysningar om korfor du har blitt invitert, for eksempel til eit bryllaup eller ein barnedåp
- forslag til datoar for besøket og eventuelt dato for familiesamankomsten
- informasjon om den som inviterer, for eksempel om arbeid og bustad
- informasjon om forholdet mellom deg og den som inviterer, for eksempel om dei er i familie
Dersom den som inviterer også stiller økonomisk garanti, bør også det stå i invitasjonen.
-
Invitasjon frå firmaer/organisasjoner
Kva er ein invitasjon?
Ein invitasjon er eit brev frå firmaet eller organisasjonen, skrive på deira brevpapir. Dette leverer du saman med dei andre søknadsdokumenta dine.
Nokre ambassadar har et eige invitasjonsskjema. Det finn du i ambassaden sin sjekkliste. Dersom ambassaden har eit slikt skjema, kan firmaet/organisasjonen fylle ut dette skjemaet i staden for å skrive eit brev.
Kva må invitasjonen innehalde?
- namnet til deg som skal besøke Noreg
- opplysningar om korfor du har blitt invitert, for eksempel til eit viktig møte eller ein konferanse
- forslag til datoar for besøket, og dato for møte eller arrangement du skal delta på
- namnet og organisasjonsnummeret til firmaet/organisasjonen som inviterer deg
- informasjon om forhaldet mellom deg og firmaet/organisasjonen, for eksempel om de har eit forretningssamarbeid
Dersom firmaet/organisasjonen tar på seg å betale for reise, mat og bustad for deg, må dette stå i invitasjonen.
Dersom firmaet/organisasjonen også ønsker å stille ein økonomisk garanti, må dei i tillegg fylle ut eit sponsorskjema.