Skal søkje Diplomatar, NATO-personell og familien deira
Kven er du?
-
Diplomat
Dersom du skal vere diplomat i Noreg, treng du ikkje opphaldsløyve.
Du blir rekna som diplomat dersom du er tilmeld og akseptert av Det norske utanriksdepartementet.
For å bli akseptert må du
- vere send ut for å representere landet ditt ved ein ambassade eller eit konsulat i Noreg
- ha ei betalt stilling
Du kan ikkje ta deg anna arbeid i Noreg.
-
NATO-personell
Dersom du skal arbeide eller gjere eit oppdrag for NATO, treng du ikkje opphaldsløyve.
Du må vere tilmeld og akseptert av Det norske forsvarsdepartementet.
Du kan ikkje ta deg anna arbeid i Noreg.
-
Militærpersonell
Viss du er militærpersonell som tilhøyrer ein medlemsstat i NATO, eller viss du er militært eller sivilt personell i den amerikanske styrken, treng du ikkje opphaldsløyve.
Du må ha fått ei stadfesting på status frå det norske forsvarsdepartementet.
Du kan ikkje ta deg anna arbeid i Noreg.
-
Tilsett hos diplomatar eller NATO-personell
Du treng ikkje opphaldsløyve dersom du skal arbeide
- i privat teneste for diplomatar eller NATO-personell
- som utsendt hjelpepersonale ved ein ambassade eller eit konsulat
Du må vere tilmeld og akseptert av Det norske utanriksdepartementet eller Det norske forsvarsdepartementet.
Du kan ikkje ta deg anna arbeid i Noreg.
-
Familiemedlem av diplomat eller NATO-personell
Dersom du er ektemake, sambuar eller barn av ein diplomat eller NATO-personell, og ikkje skal arbeide i Noreg, treng du ikkje søkje om opphaldsløyve.
Dersom du skal arbeide eller drive næringsverksemd i Noreg, må du søkje om opphaldsløyve som familiemedlem av diplomat eller NATO-personell.
Krav for å få opphaldsløyve
- Du må vere ektemake, sambuar eller eit barn som er forsørgt av ein diplomat eller NATO-personell.
- Du må vere tilmeld og akseptert av Det norske utanriksdepartementet eller Det norske forsvarsdepartementet.
-
Familiemedlem av militærpersonell
Viss du er ektefelle, sambuar eller barn av militærpersonell og ikkje skal arbeide i Noreg, treng du ikkje søkje om opphaldsløyve.
Viss du skal arbeide eller drive næringsverksemd i Noreg, må du søkje om eit opphaldsløyve som familiemedlem av militærpersonell.
Krav for å få opphaldsløyve
- Du må vere ektefelle, sambuar eller barn av
- militærpersonell som tilhøyrer ein medlemsstat i NATO, eller
- militært eller sivilt personell i den amerikanske styrken.
- Du må ha fått ei stadfesting på status av det norske forsvarsdepartementet.
- Du må vere ektefelle, sambuar eller barn av