Tre av ti asylsøkjarar frå Tyrkia


Av dei 2 654 asylsøkjarane som kom til Noreg i fjor, var tre av ti frå Tyrkia.

Publisert: 08.01.2019

Det er tredje år på rad der talet på asylsøkjarar ligg omtrent på dette nivået. I 2016 kom det 3 460 asylsøkjarar og i 2017 kom det 3 560, men desse tallene inkluderer høvesvis 257 og 1 252 relokaliserte asylsøkjarar, som Norge henta i Hellas og Italia.

– Det kan sjå ut som asylinnreisene har stabilisert seg på eit mykje lågare nivå enn åra før 2015. Då kom det mellom 9 000 og 12 000 asylsøkjarar per år, seier UDI-direktør Frode Forfang.

Av dei asylsøkjarane som kom i fjor, var 29 prosent frå Tyrkia (765 personar), 419 frå Syria og 241 frå Eritrea.

– Talet på asylsøkjarar frå Tyrkia har stige etter kuppforsøket sommaren 2016. Det har vore varierande frå månad til månad, men det var ein markert auke frå sommaren i fjor og ut året, seier Forfang.

Det kom 159 einslege mindreårige i fjor, noko som utgjer 6 prosent av alle asylsøkjarar. Blant denne søkjargruppa kom til saman sju av ti frå Syria, Afghanistan og Eritrea.

I tillegg til dei 2 654 ordinære asylsøkjarane, fekk UDI inn søknader frå 399 personer som tidlegare hadde komme som einslege mindreårige, om fornya behandling etter midlertidige føresegner.

Ved utgangen av fjoråret budde det 3 619 personar i UDI sine mottak.

Fant du det du lette etter?