Talet på søknader til UDI aukar
Det største talet saker UDI har fått inn til behandling i 2022 så langt, er søknader om statsborgarskap. Søknader om kollektiv beskyttelse frå ukrainske flyktningar utgjer også ein stor del.
Søknadstypar det har komme flest av til UDI i 2022 per utgangen av juni:
- Statsborgarskap: 25 000 (8 200 i første halvår 2019, som var før det vart opna opp for å kunne behalde eksisterande statsborgarskap når ein blei norsk)
- Flukt inkludert Ukraina: 21 500
- Arbeid: 8 300 søknader (i første halvår 2019: 7 500)
- Studiar: 2 800 (i første halvår 2019: 2 500)
- Familieinnvandring: 9 000 (i første halvår 2019: 8 200)
- Permanent opphald: 2 200 (i første halvår 2019: 2 900)
Gjer fleire vedtak
UDI har fatta 70 500 vedtak til og med juni, som også er 30 000 fleire søknader behandla enn snittet dei førre tre åra. Samtidig er det 8 400 fleire som ventar på svar på søknaden samanlikna med 31.12.2021.
Sjå statistikksidene våre for vedtak så langt i år for fleire sakstypar.