Dødsfall på asylmottak i Bergen


I går ettermiddag fekk UDI melding om ei alvorleg hending i form av ei knivstikking på Magic Hotel mottak. Seinare kom også meldinga om at hendinga fekk eit tragisk utfall, og at ho no blir etterforska som eit drap.

Publisert: 05.07.2023

Det er svært sjeldan me opplever så dramatiske hendingar i asylmottak. Våre tankar går til pårørande og andre ramma.

Hendinga er under politietterforsking, og UDI kan ikkje kommentera nokon forhold knytt til sjølve hendinga eller dei involverte.

Bebuarane ved Magic Hotel blir varetekne av dei mottakstilsette og av kommunale tenester, og utover dagen i dag vil me følgja opp mottaket vidare. Samtidig som det ikkje vil komma nye bebuarar til Magic dei næraste dagane, har mottaket uttrykt at dei jobbar for å komma tilbake til ein normalsituasjon så raskt som mogleg.

Magic Hotel mottak i Bergen er sin heilskap nytta av UDI til mottaksplassar. Det er i dag skrive inn 319 bebuarar på dei til saman 429 plassane.

Fant du det du lette etter?