Færre søknader om studieløyve i 2023


Ved utgangen av juli 2022 hadde UDI fått inn 5372 søknader om studieløyve. På same tidspunkt i år var talet 3747. Det er ein nedgang på 30 prosent.

Publisert: 05.09.2023

Frå og med haustsemesteret 2023 har regjeringa innført studieavgift for studentar frå land utanfor EU/EØS. Det gjer at færre utanlandske studentar kjem til Noreg for å studere.

Det seier Christiane Heffermehl Lange, som er einingsleiar i Opphold i UDI.
- Nye studentar frå land utanfor EU må no betale skolepengar til den norske studiestaden. Då er det færre som vel Noreg. Dermed blir det også færre som søkjer UDI om studieløyve, seier Lange.

Ho påpeikar at tala inkluderer søknader om fornying av løyve frå studentar som allereie hadde gått i gang med grada før studieavgift vart innførte. Desse er fritekne avgifta. Det same gjeld utvekslingsstudentar og studentar frå EU/EØS-området.

Ifølgje einingsleiaren var det forventa at det ville bli eit fall i talet på søknader, men akkurat kor stort det ville bli var meir uvisst.

- Derfor har vi hatt løpande kontakt med studiestadene gjennom året og innhenta uoffisielle tal på kor mange studentar dei har teke opp, slik at vi har kunna danne oss eit bilde av storleiksordenen, avsluttar einingsleiaren.

Tyskland og Kina på topp

Tyskland er det landet det kjem flest studentar frå. Studentar frå EU/EØS-området treng ikkje å søkje om studieløyve. Det er tilstrekkeleg at dei registrerer studieopphaldet sitt hos UDI.

Topp fem-lista over talet på studentar til Noreg fra EU-landa (januar-juli 2023):

  1. Tyskland, 519 registreringar
  2. Frankrike, 326 registreringar
  3. Italia, 213 registreringar
  4. Nederland, 169 registreringar
  5. Spania, 112 registreringar

Kina toppar lista for talet på studentar til Noreg frå land utanfor EU. Desse studentane må søkje om studieløyve og betale studieavgift.

Topp fem-lista over antall studenter til Norge fra land utenfor EU:

  1. Kina, 192 løyve
  2. USA, 150 løyve
  3. Japan, 122 løyve
  4. Storbritannia, 104 løyve
  5. India, 79 løyve

For ytterlegare statistikk:

Du finn historiske tal for studieløyve her.

Historiske tal over EØS-registreringar finn du her.

Fant du det du lette etter?