Pressetreff om auka innkomstar


Sidan slutten av august har det vore sterkt aukande innkomstar med godt over 1000 registrerte asylsøknader frå ukrainske borgarar kvar veke. I det høvet inviterer no UDI og IMDi til eit felles pressetreff på Helsfyr onsdag 11. oktober.

Publisert: 09.10.2023

Etter at krigen i Ukraina braut ut, har det komme over 63.000 flyktningar frå Ukraina til Noreg. Over 57.000 flyktningar er innvilga midlertidig kollektiv beskyttelse og godt over 51.000 av dei er busette eller på veg til å bli busett i ein kommune.

No gjer auka innkomstar at belegget på Nasjonalt ankomstsenter på Råde er høgt, og Utlendingsdirektoratet (UDI) følgjer situasjonen tett. Noreg er no det landet i Norden som tek imot klart flest frå krigen i Ukraina. To tredelar av flyktningane blir antekne å komme direkte frå Ukraina, mens om lag ein tredel har hatt opphald i eit anna europeisk land før dei kom til Noreg.

Kommunane gjer ein formidabel innsats og busetjingstakten er framleis rekordrask. Samtidig får Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) tilbakemeldingar om at enkelte kommunar slit med å skaffe bustader og gi gode nok tenester til alle flyktningar dei har blitt bedne om å huse.

UDI-direktør Frode Forfang og IMDi-direktør Libe Rieber-Mohn inviterer til pressetreff for å informere om status i arbeidet med auka innkomstar, mottak og busetjing av ukrainske flyktningar i tida framover.

Pressetreffet

Tid: Kl 10-11 onsdag 11. oktober   

Stad: UDIs lokaler på Helsfyr i Oslo, Innspurten 11 D, Møtesal Roma i 1. etasje

Bruk denne lenka for å følgje pressetreffet digitalt og stille spørsmål (eksternt nettsted)  

Viss du som journalist har spørsmål til UDI og/eller IMDi, men ikkje kan møte fysisk, send spørsmål på SMS til 92664526 før kl. 1030. Hugs å oppgi namn og redaksjon i meldinga.

Fant du det du lette etter?