Tilskot til informasjonstiltak om assistert retur
Søknadsfrist: 1.desember 2021.
Kven kan få tilskot?
Frivillige organisasjonar, enkeltpersonar og verksemder som ikkje driv tiltak basert på forteneste kan få støtte.
Offentlege etatar, kommunar, bedrifter, næringsdrivande eller driftsoperatørar for asylmottak kan ikkje få støtte.
Kva kriterium blir søkjarar vurderte etter?
UDI legg vekt på tiltak som har størst høve til å bidra til å fremje assistert retur:
- tiltak som i størst grad gir måloppnåing vurdert opp mot storleiken på tilskotet
- tiltak som rettar seg mot personar som ikkje bur i asylmottak
- tiltak som er nyskapande
Sjå meir om tilskota på Lovdata i Forskrift om tilskudd til tiltak for å nå personer uten lovlig opphold i Norge med informasjon om assistert retur (eksternt nettsted).
Korleis kan du søkje om tilskot?
- Søknadsfristen: 1.desember 2021.
- Du må skrive søknaden som eit brev og følgje søknadsmalen vår (PDF, 78 kB).
- Signere søknaden og merke den med «Søknad om tilskot til retur- og tilbakevendingstiltak».
- Send oss søknaden elektronisk eller per post.
Slik sender du inn søknaden
Merk søknaden med “Søknad om tilskot til retur- og tilbakevendingstiltak”.
Send søknaden til oss på e-postadresse udi@udi.no.
Har du spørsmål til søknaden?
Då kan du kontakte:
E-post: mole@udi.no
Tlf: 48 30 17 01
Spørsmål til søknadene kan også stillast til næraste regionskontor for prosjektet.