UNE tek opp att behandlinga av Sudan-saker


UNE tek opp att behandlinga av Sudan-saker, og suspensjonen av utreiseplikta til Sudan blir oppheva. UDI kan ikkje behandle søknader om beskyttelse før vi har teke stilling til kva den generelle situasjonen i Sudan betyr for søkjarane sitt behov for vern.

Publisert: 09.11.2023

På grunn av krigsutbrot i Sudan vart alle saker som gjaldt retur til landet sette på vent hos Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) i mai 2023. Det er framleis ingen teikn til noka fredeleg løysing på krigen i Sudan i næraste framtid. UNE har derfor bestemt å begynne å behandle Sudan-sakene igjen. Her kan du lese pressemeldinga til UNE (eksternt nettsted).

UDI vil inntil vidare ikkje behandle søknader om beskyttelse (asyl)

Når det gjeld UDI, kan vi ikkje behandle søknader om beskyttelse (asyl) før vi har teke stilling til kva den generelle situasjonen i Sudan betyr for søkjarane sitt behov for vern. Dette er viktig for å sikre at søknadene blir likt behandla. Det betyr at det framleis vil ta noko tid før UDI kan begynne å behandle søknader som er sette på vent.

UDI vil leggje ut nærare beskjed på udi.no når vi bestemmer oss for å ta opp att behandling av Sudan-sakene. Der kjem det også informasjon om ventetid for intervju og svar i sakene når det blir klart.

Personar med utreiseplikt kan be UNE om å få saka si vurdert på nytt

Samtidig blir den mellombelse suspensjonen av utreiseplikta til Sudan, oppheva. Det betyr at personar frå Sudan som får endeleg avslag på asylsøknad eller andre typar opphaldsløyve, ikkje lenger har lov å opphalde seg i Noreg.

Personar frå Sudan som tidlegare har fått avslag på søknaden sin, men ikkje har ei sak til behandling hos UDI eller UNE no, kan be om ny vurdering av søknaden. Søkjaren kan sjølv be om ny behandling, eller ta kontakt via advokat eller ein annan fullmektig.

Fant du det du lette etter?