Dei frivillige som bidreg på mottaket
Bebuarane i mottaka får tilbod om aktivitetar på mottaket. Mange stader engasjerer bebuarane seg også i aktivitetar utanfor mottaket. Fotball er til dømes ein populær aktivitet blant unge bebuarar, og Norges Fotballforbund har engasjert seg i integrering av asylsøkjarar. Andre bebuarar bruker fritida si i organisasjonar som Redd Barna og Raudekrossen.
Vi oppmodar lokale lag og foreiningar til å ta kontakt med asylmottak i nærmiljøet for å avtale korleis dei kan samarbeide med mottaket for å bidra til å gi bebuarane på mottaket meiningsfylte aktivitetar.