Etablering og avvikling av asylmottak


Slik etablerer vi eit mottak

UDI lyser ut drifta av mottak gjennom offentlege anbodskonkurransar. Vi får inn tilbod frå potensielle operatørar, og forhandlar med dei som tilbyr oss det talet plassar vi har behov for, og ei drift som tilfredsstiller krava våre. Den som får oppdraget er den som har det totalt sett beste tilbodet.

Når UDI skal etablere eit asylmottak i ein kommune, tek vi kontakt med den politiske leiinga i kommunen så fort vi får eit tilbod frå ein driftsoperatør. Driftsoperatøren treng nødvendige bruksløyve, men ingen politisk godkjenning, for å opprette eit mottak. Når behovet for plassar aukar raskt, kan det gå kort tid frå UDI tek kontakt med kommunen og til mottaket er i drift.

Slik avvikler vi mottak

Når UDI må avvikle eit mottak, vurderer vi kva mottaksplassar det er mest formålstenleg å behalde. Ei slik vurdering omfattar mellom anna økonomi, kvaliteten på drifta og kvar mottaket er plassert. Justis- og beredskapsdepartementet har sagt at mottaka skal vere spreidd over heile landet, og at UDI må sikre at det er ei blanding av ulike driftsoperatørar; private, kommunar og frivillige organisasjonar.

Avvikling av eit mottak fører til tap av arbeidsplassar og ofte har driftsoperatøren, dei tilsette i mottaket og kommunen lagt ned ein stor innsats for å gi dei som søkjer beskyttelse eit godt butilbod. UDI er likevel forplikta til å avvikle asylmottak i takt med behovet for plassar.