Vertskommunetilskot


Alle kommunar som har asylmottak eller omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar får eit tilskot. Dette dekkjer dei gjennomsnittlege meirkostnadene som følgjer av å ha eit asylmottak i kommunen.

Tilskotet består av ein grunnsats per kommune og ein sats per mottaksplass. Det er ulike satsar for dei ulike typane mottaksplassar.

Når ein bebuar på mottaket får opphaldsløyve, og likevel blir buande på asylmottaket ein periode, kan bebuaren bli folkeregistrert i kommunen og telje med i berekninga av innbyggjartilskotet frå staten.