Asylmottak Aktivitetstilbod for barn i asylmottak


Asylmottak skal ha ein heilskapleg strategi for livsutfalding, sosialisering og oppseding, og skal utarbeide ein aktivitetsplan kvart halvår som synleggjer omfanget av dei aktivitetane som er planlagde.

I tillegg til aktivitetar som mottaka skal leggje til rette for, forvaltar UDI ei tilskotsordning til aktivitetar for barn og unge som bur på asylmottak. Kommunar, frivillige organisasjonar, ikkje-kommersielle aktørar og andre som organiserer aktivitetar for barn i mottak kan søkje. Sjå retningslinjer for tilskotsordninga (eksternt nettsted).

Formålet med ordninga er å støtte tiltak som bidreg til å gi barna

  • ein meiningsfull kvardag
  • ein så normal barndom som mogleg
  • moglegheiter for fysisk aktivitet
  • høve til å utvikle ferdigheiter gjennom ulike aktivitetar
  • meistringskjensle