Tips til UDI


Viss du du ønsker å gi UDI eit tips, kan du ta kontakt med oss på telefon.

Kva type tips kan du melde til UDI?

Du kan til dømes tipse UDI viss du har informasjon om:

  • ein person som har oppgitt uriktig informasjon til UDI
  • ein person som oppheld seg ulovleg i Noreg
  • ein person som har brote vilkåra for opphaldsløyvet sitt
  • ein arbeidsgivar som har tilsette som ikkje har lovleg opphald i Noreg
  • ein au pair som blir utnytta av vertsfamilien sin

Du kan ringa oss på telefon 23 35 15 00 og fortelja at du har eit tips, så vil du bli sett over til nokon du kan snakka med.

Du kan òg sende eit skriftleg tips til UDI i posten. Tipset kan du sende til adressa:
Utlendingsdirektoratet
Postboks 2098 Vika
0125 Oslo

Du kan vera anonym, viss du ikkje ønsker å gi opp namnet ditt. Informasjonen du gir oss vil bli registrert i systema våre, og han du gir informasjon om vil vanlegvis ha rett til å vita at nokon har gitt eit anonymt tips om dei.

UDI har teieplikt, og du vil derfor ikkje få tilbakemelding om kva UDI gjer vidare med saka.

Kva type tips bør du melde til politiet?

Viss du ønsker å melde eit straffbar forhold, må du kontakte politiet (ekstern nettstad).

Straffbare forhold er til dømes

  • truslar
  • ein utanlandsk statsborgar er utsett for menneskehandel
  • ein person er utsett for tvangsekteskap

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?