Barn under omsorg av barnevernet


Eit barn som er under omsorg av barnevernet, og som ikkje er einsleg mindreårig asylsøkjar, kan søkje om opphald i Noreg på grunnlag av sterke menneskelege omsyn.

Korleis søkje?

I utgangspunktet er det dei som har foreldreansvaret for barnet som skal underteikne søknaden. I dei fleste tilfella vil dette vere éin av eller begge foreldra til barnet.

Dersom foreldra ikkje kan underteikne søknaden, kan barnevernet gjere det. Då må barnevernet i tillegg levere ei skriftleg forklaring på kvifor foreldra ikkje har høve til å underteikne.

Kva for dokument skal leverast saman med søknaden?

  • pass – kopi av alle brukte sider (ikkje nødvendig dersom barnet er fødd i Noreg)
  • fødselsattest
  • vedtak frå Fylkesnemnda om omsorgsovertaking
  • fråsegn frå barnevernet om omsorgssituasjonen i dag
  • eventuell skriftleg forklaring på kvifor eitt eller fleire av desse dokumenta ikkje kan leverast

Korleis levere søknaden?

Barnet og den eller dei som har foreldreansvaret må møte hos politiet for å levere den underteikna søknaden og all dokumentasjonen.

Eventuelt kan barnevernet møte saman med barnet. Dersom barnevernet møter saman med barnet, må barnevernet også levere ei skriftleg forklaring på kvifor foreldra ikkje har høve til å møte.  

Ta kontakt med det lokale politiet direkte for å avtale time for å levere søknaden.

Treng barnet pass?

Dersom det ikkje er mogleg for barnet å få pass frå heimlandet sitt, kan barnet få eit utlendingspass frå norske styresmakter. Barnevernet kan søkje om pass på vegner av barnet.

Sjå vilkår for å kunne søkje om utlendingspass

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?