Nettsida www.udi.no fungerer ikkje i nettlesaren Opera Mini, som du bruker no. Du må bruke ein annan nettlesar, til dømes Opera eller standardnettlesaren på telefonen din.
For å bli rekna som faglærd må du ha fullført fagutdanning, fullført høgare utdanning eller ha spesielle kvalifikasjonar.
Krav til utdanninga/kompetansen din
Du må ha éin av desse typane utdanning/kompetanse:
Du må ha fullført fagutdanning frå vidaregåande skole, minst tre år, for eksempel som snikkar eller helsefagarbeidar. Det må finnast ei tilsvarande fagutdanning i Noreg.
Du må ha fullført utdanning eller grad frå universitet/høgskole, for eksempel bachelorgrad som ingeniør eller sjukepleiar.
Du må ha spesielle kvalifikasjonar som du har opparbeidd deg gjennom lang yrkeserfaring, eventuelt i kombinasjon med kurs og liknande. Det skal svært mykje til å få løyve i slike saker. Du må ha like høg kompetanse som ein som har fagutdanning.