Gi fingeravtrykka dine og ansiktsbilete ditt (biometri)


Når du møter opp hos politiet for å levere søknaden din om opphaldsløyve, reisedokument eller visum, må du gi fingeravtrykka dine og ansiktsbiletet ditt viss du er borgar av eit land utanfor EU/EØS.

Viss du søker om opphald, må du i tillegg gi ein elektronisk signatur som blir lagra. Du finn ei oversikt over kva du må gi frå deg hos politiet, basert på søknadstype og alder, lenger ned i denne saka.

Biometriske kjenneteikn er unike for deg som enkeltperson og samtidig permanente eller stabile over tid. Biometrisk personinformasjon blir brukt for å stadfeste identiteten din. 

Kva gjer politiet med informasjonen?

Når politiet får fingeravtrykka dine og ansiktsbilete av deg, blir dette lagra i utlendingsregisteret. Når fingeravtrykka dine og biletet er lagra, kan politiet òg søke i det same registeret for å sjå om du er registrert tidlegare. Då kan politiet òg gjenbruke informasjonen vi har lagra om deg når saka di er ferdig behandla. Det betyr at politiet i mange tilfelle kan bestille opphaldskort utan at du må møte opp igjen i samband med same sak. Du får beskjed når saka di er ferdig behandla om du må møte opp på nytt hos politiet eller ikkje. 

  • Opphaldskort

  • Visum

  • Asyl

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?