Nettsida www.udi.no fungerer ikkje i nettlesaren Opera Mini, som du bruker no. Du må bruke ein annan nettlesar, til dømes Opera eller standardnettlesaren på telefonen din.
Dersom du har hatt løyve som sesongarbeidar i seks månader, må du opphalde deg i seks månader utanfor Noreg før du kan få nytt sesongarbeidarløyve. Du kan ikkje vere i Noreg i meir enn seks månader i løpet av ein periode på 12 månader.
Døme
Dersom du har hatt eit sesongarbeidarløyve i tre månader, kan du få eit nytt løyve for tre månader med ein gong.
Dersom du har hatt eit sesongarbeidarløyve i to månader, kan du få eit nytt løyve for fire månader.