Lønns- og arbeidsvilkår i Noreg


For å få eit opphaldsløyve for å arbeide i Noreg må lønns- og arbeidsvilkåra dine ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. 

Kor mykje må du få i lønn?

  • Dersom du skal jobbe i ein bransje med tariffavtale, må du få tarifflønn.
  • Dersom du skal jobbe i ein bransje utan tariffavtale, kan lønna di ikkje vere dårlegare enn det som er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
    • Dersom stillinga krev mastergrad, skal du ha ei lønn på minst 416 600 kroner i året før skatt. Vi kan godta lågare lønn dersom du dokumenterer at dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
    • Dersom stillinga krev bachelorgrad, skal du ha ei lønn på minst 386 700 kroner i året før skatt. Vi kan godta lågare lønn dersom du dokumenterer at dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.