Dersom du ikkje fell inn under eit av unntaka under, må du søkje om opphaldsløyve for arbeid.
Forskarar og forelesarar som skal arbeide i Noreg i inntil tre månader, treng ikkje opphaldsløyve.
Nokre tilsette i internasjonale selskap treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Nokre tekniske ekspertar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Nokre handels- og forretningsreisande treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Somme legar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Somme religiøse forkynnarar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Somme profesjonelle idrettsutøvarar og støtteapparatet deira treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Somme journalistar, fotografar og andre tilsette i utanlandske medieinstitusjonar treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
I noen tilfelle treng ikkje personell på fly i internasjonal trafikk å ha opphaldsløyve, dersom dei skal arbeide på flygingar til og frå Noreg.
I ein del tilfelle treng ikkje personell på utanlandsk tog, buss eller lastebil i internasjonal trafikk opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Nødvendig vakt- og vedlikehaldsmannskap på utanlandsk eigd skip i opplag i Noreg treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.
Turistguidar som følgjer utanlandske reiseselskap, treng ikkje opphaldsløyve dersom dei skal arbeide i Noreg i inntil tre månader.