Seksuelle minoritetar


I Noreg har homofile, lesbiske, bifile og transpersonar dei same rettane som alle andre og kan leve ope. Det er forbode å diskriminere, trakassere, true eller øve vald mot menneske fordi dei høyrer til ein seksuell minoritet.

Kven blir rekna som seksuelle minoritetar? 

  • Homofile: menn som er tiltrekte av andre menn
  • Lesbiske: kvinner som er tiltrekte av andre kvinner
  • Bifile: menn eller kvinner som blir tiltrekte av både menn og kvinner
  • Transpersonar: personar som har ein utsjånad eller ein identitet som er ulik det kjønnet dei blei fødde med

Rettane til seksuelle minoritetar

I Noreg er det ulovleg å diskriminere på grunn av

  • seksuell orientering (om du er tiltrekt av menn eller kvinner eller begge delar)
  • kjønnsidentitet (kva kjønn du identifiserer deg med)
  • kjønnsuttrykk (korleis du utrykkjer kjønnsidentiteten din, for eksempel gjennom klede, hårfrisyre, sminke eller kroppsspråk)

Dersom du blir utsett for vald som er motivert av dette, vil personen som har øvd valden få ekstra straff.

Sidan 1993 har norske kvinner og menn kunna inngå partnarskap med ein av same kjønn. Sidan 2009 har alle i Noreg kunna gifte seg med ein av same kjønn. Dette inneber at ektefellar og sambuarar av same kjønn kan søkje om familieinnvandring på same måte som andre par.

Kven kan hjelpe deg?

Meir informasjon for hjelparar