Studentar og elevar som kan reise til Noreg før søknaden om studieløyve er behandla


Enkelte personar som søkjer om eit studieløyve, kan levere søknaden til Noreg eller reise til Noreg før dei har fått svar på søknaden sin. 

Du kan levere søknad i Noreg eller reise til Noreg før du har fått svar på søknaden, dersom du

eller

  • har gyldig visum eller opphaldsløyve i Noreg eller eit anna Schengenland

og oppfyller eit av desse vilkåra:

  • kan dokumentere kompetanse som faglært/spesialist
  • har fått Fulbright-stipend
  • har fått stipend frå Noregs forskingsråd
  • deltek i ei utveksling mellom ein norsk og ein utanlandsk høgare utdanningsinstitusjon
  • skal på utveksling gjennom
    • American Field Service (AFS)
    • My Education
    • Youth For Understanding (YFU)
    • Explorius
    • Rotary
    • STS High School Foundation
    • EU-program som for eksempel Erasmus 

Hjelp oss med å forbetre nettsidene: Fann du det du leita etter?