Varig opphaldsrett


Med varig opphaldsrett kan du som er EU/EØS-borgar eller familiemedlem av ein EU/EØS-borgar, opphalde deg og arbeide i Noreg på ubestemt tid. Du har også ekstra vern mot å bli utvist. 

EU/EØS-borgarar og familiemedlemmene deira kan søkje om varig opphaldsrett etter fem år i Noreg. 

Du som er familiemedlem av ein EU/EØS-borgar, men ikkje sjølv er EU/EØS-borgar, vil få eit opphaldskort som bevis på at du har varig opphaldrett. Varig opphaldskort blir gitt for ti år om gongen og kan så fornyast. 

 

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?