Somaliere som skal søkje om norsk statsborgarskap må ha somalisk pass


Viss du skal søkje om norsk statsborgarskap etter 1. januar 2019, er det no eit krav om at du har pass frå Somalia. Viss du ikkje har somalisk pass frå før, må du skaffe deg det no.

Publisert: 23.09.2022

Kven treng ikkje å skaffe seg somalisk pass?

Du må ikkje skaffe deg somalisk pass viss du

  • er fødd i Noreg, eller
  • var under 18 år då du kom til Noreg og har ein forelder som allereie er norsk statsborgar, eller
  • har opphaldsløyve på bakgrunn av behov for vern (har fått grønt reisebevis for flyktningar)

Viss ikkje du er i nokon av desse tre situasjonane, må du skaffe deg somalisk pass.

Viss du skal søkje om norsk statsborgarskap

Når du leverer søknad om statsborgarskap, må du ha med deg passet ditt og kopi av alle dei brukte sidene i passet når du møter opp til timeavtalen din hos politiet. 

Du må òg fylle dei andre krava for å søkje om norsk statsborgarskap.

Du bør vente med å bestille time for oppmøte hos politiet for å levere søknaden om statsborgarskap til du har skaffa deg somalisk pass. 

Viss du allereie har bestilt time, bør du endre datoen slik at du rekk å skaffe somalisk pass før du møter opp hos politiet. Du endrar på timen din ved å logge deg inn på Søknadsportalen (ekstern nettstad).

Viss du allereie har søkt om norsk statsborgarskap

Viss du allereie har levert søknaden om statsborgarskap hos politiet før 1. januar 2019, er det ikkje eit krav om at du må skaffe deg eit somalisk pass for søknaden. Du må skaffe deg eit somalisk pass viss du skal reise medan du ventar på svar på søknaden din.

Treng du utlendingspass for å skaffe deg somalisk pass?

Viss du treng eit utlendingspass for å reise til utlandet for å skaffe deg eit somalisk pass, kan du søkje om det, sjå informasjon om å skaffe deg somalisk pass.

Vil du hjelpe oss med å forbetre nettsidene?

Fann du det du leita etter?