Direktør


Snorre Sæther er direktør i UDI.

Snorre_Sather_UDI_02.jpg

Snorre Sæther (fødd 15.10.1973) vart utnemnd til direktør i Utlendingsdirektoratet (UDI) 3. mars 2024, med oppstart 22. juni 2024. Han kom frå stillinga som avdelingsleiar i Justis- og beredskapsdepartementet (JD). 

Sæther er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo. Han har dessutan mellomfag i statsvitskap og er ein erfaren leiar frå offentleg forvaltning.  

Sæther har hatt ulike leiarstillingar i JD og fungerte ein kort periode som ekspedisjonssjef. I JD var han ein sentral leiar gjennom fleire større kriser, som til dømes  asylkrisa i 2015 og seinare Ukraina-krisa som starta i 2022. 

Han har tidlegare jobba fleire år i UDI, sist som områdeleiar i Opphaldsavdelinga.  

LinkedIn:
linkedin.com/in/snorre-sæther-84bb1662 (eksternt nettsted, åpnes i nytt vindu)