Kommunikasjon og brukerdialog
Gjennom god innsikt i behovet til brukarane, skal Kommunikasjon og brukardialog bidra til at søkjarane våre blir mest mogleg sjølvhjelpne. Vi har ansvar for dei eksterne nettstadene våre, og skal sikre at søkjarane finn den informasjonen dei treng og forstår det som står der. Vi har òg ansvar for at søkjarane får kommunisert med oss på eige språk, gjennom å tilrettelegge for tolking og omsetjing.
UDI skal vere eit ope, synleg og tilgjengeleg fagdirektorat på utlendingsfeltet. Kommunikasjon skal bidra til dette gjennom god service til media, arrangement og andre tiltak som gir innsyn i arbeidet vårt.