Opphold


Opphald behandlar søknader om opphaldsløyve frå utanlandske borgarar frå land utanfor EU/EØS som ønskjer å flytte til Noreg fordi dei har familie her, eller fordi dei skal arbeide eller studere her. Vi behandlar og søknader frå personar som ynskjer å besøkje Noreg, og som treng eit besøksvisum. I tillegg behandlar vi søknader om permanent opphaldsløyve og om norsk statsborgarskap. Vi rettleier også brukarane våre om kva reglar som gjeld, korleis dei skal gå fram for å søkje om eit løyve, og om søknadene vi har til behandling. 

Vi samarbeider tett med Digitalisering for å forbetre dei digitale tenestene våre. Målet er å sikre at brukarane får heilskaplege tenester.