Når du søker om familieinnvandring, må dokumenta du skal levere inn vere attestert av rett styresmakt.
Krav til dokument frå landet du har valt:
- Originaldokumenta må ha eit apostillestempel. I denne lista finn du informasjon om kva kontor du må gå til for å få eit apostillestempel (eksternt nettsted). Det er ikkje nødvendig med apostillestempel på passet ditt.
- Viss dokumenta dine er på andre språk enn norsk eller engelsk, må dei også vere omsette til norsk eller engelsk av ein godkjend omsetjar. På omsetjinga må det stå kven som har gjennomført omsetjinga og når.
Når du skal levere dokumenter
- må du vise fram dei originale dokumenta og passa ditt.
- må du òg ha med kopier av alle dokumenta. Viss du leverer søknaden hos politiet i Noreg treng du ikkje å ha stempel på kopiane. Viss du leverer søknad i utlandet må kopiane vere stempla av styresmaktene i landet ditt, eller notarius publicus.