Familieinnvandring Apostille og legalisering


Når du søker om familieinnvandring, må dokumenta du skal levere inn vere attestert av rett styresmakt.

Informasjonen er tilpasset

Kva land har utferda dokumentet?:

Jordan

Krav til dokumenter frå landet du har valt:

  • Originaldokumenta må vere legaliserte av utanriksstyresmaktene i landet der dei er utferda. Kontakt utanriksstyresmaktene i landet der dokumentet vart utferda for å få informasjon om korleis du kan få legalisert dokumentet ditt.
  • Viss dokumenta dine er på andre språk enn norsk eller engelsk, må dei òg vere omsette til norsk eller engelsk av ein godkjend omsetjar. På omsetjinga må det stå kven som har gjennomført omsetjinga og når.

Når du skal levere dokument

  • må du vise fram dei originale dokumenta og passet ditt
  • må du òg ha med kopier av alle dokumenta. Viss du leverer søknaden hos politiet i Noreg treng du ikkje å ha stempel på kopiane. Viss du leverer søknad i utlandet må kopiane vere stempla av styresmaktene i landet ditt, eller notarius publicus.

Fant du det du lette etter?