Korleis viser eg stadfesting på lovleg opphald?
Du må ikkje ha opphaldsløyve i Noreg eller vera norsk statsborgar for å gifte deg i Noreg, men du må ha lovleg opphald. Lovleg opphald i denne samanhengen er, i tillegg til opphaldsløyve til dømes opphaldsrett for EU/EØS-borgarar, besøksvisum eller gyldig visumfridom.
Viss vigselsstaden eller Skatteetaten treng ei stadfesting på at du har lovleg opphald i Noreg for å via dykk, kan du gjere dette:
- Viss du har gyldig opphaldsløyve og opphaldskort må du vise fram opphaldskortet ditt.
- Viss du har besøksvisum, må du vise fram passet ditt med visumetiketten i.
- Viss du er borgar av eit EU/EØS-land må du vise fram passet ditt.
- Viss du er statsborgar av eit visumfritt land må du vise fram passet ditt og dokumentasjon på at du reiste inn i Noreg for mindre enn 90 dagar sidan.
- Viss du er asylsøkjar eller i ein situasjon der du ikkje har fått opphaldskort enno, men har lovleg opphald, kan du kontakte oss. Me kan då gi deg ei stadfesting på at du har lovleg opphald for å inngå ekteskap i Noreg. Kontakt oss via vårt kontaktskjemaet vårt for stadfestingar.