Gifte seg når begge er utanlandske statsborgarar
Du må ikkje ha opphaldsløyve i Noreg eller vere norsk statsborgar for å gifte deg i Noreg, men du må ha lovleg opphald. Lovleg opphald i denne samanhengen er for eksempel eit opphaldsløyve, opphaldsrett som EU/EØS-borgar, besøksvisum eller gyldig visumfridom.
Før de kan gifte dykk i Noreg må de få ei godkjenning til det frå Skatteetaten. Denne godkjenninga blir kalla «prøvingsattest» og er gyldig i 4 månader. Denne viser at de fyller krava til å gifte dykk, og er ei godkjenning til å inngå ekteskap i Noreg. Attesten skal de gi til dei som skal vie dykk (vigslar).
Det er ventetid på å få utskrive prøvingsattest, så vêr ute i god tid før bryllaupet.