Kan eg levere søknaden om opphaldsløyve frå Noreg eller må eg søkje frå heimlandet?


Sjølv om du har gifta deg i Noreg, eller du har gifta deg med ein som er norsk statsborgar eller har opphaldsløyve i Noreg, er hovudregelen at du ikkje kan levere inn søknaden din om opphaldsløyve i Noreg. Du må i staden levere han i eit land der du er statsborgar, eller har hatt opphaldsløyve dei siste seks månadene. 

I nokre tilfelle er det mogleg å levere søknaden i Noreg. For å finne ut om du kan levere søknaden i Noreg, må du gå til sidene våre om å søkje om familieinnvandring og svare på alle spørsmåla du får heilt til du får svar på om du kan levere søknaden i Noreg eller ikkje.

Viss du får til svar at du ikkje kan levere søknaden i Noreg, men gjer det likevel, må du vere klar over at søknaden vil bli avvist, og at du ikkje vil få refundert søknadsgebyret. Du må då levere inn ny søknad frå eit land der du er statsborgar, eller har hatt opphaldsløyve dei siste seks månadene.