Lønns- og arbeidsvilkår i Noreg


For å få eit opphaldsløyve for å arbeide i Noreg må lønns- og arbeidsvilkåra dine ikkje vere dårlegare enn det som er vanleg i Noreg. 

Kor mykje må du få i lønn?

  • Dersom du skal jobbe i ein bransje med tariffavtale, må du få tarifflønn.
  • Dersom du skal jobbe i ein bransje utan tariffavtale, kan lønna di ikkje vere dårlegare enn det som er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
    • Dersom stillinga krev mastergrad, skal du ha ei lønn på minst 

      513 100 kroner i året før skatt

      . Vi kan godta lågare lønn dersom du dokumenterer at dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.
    • Dersom stillinga krev bachelorgrad, skal du ha ei lønn på minst 

      469 366 kr i året før skatt

      . Vi kan godta lågare lønn dersom du dokumenterer at dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe.

Merk at vi vil gjere ei større justering av beløpa for normallønn for å følgje lønnsveksten i Noreg. Ny normallønn gjeld frå 1. september 2025.

  •  

Fant du det du lette etter?