Kva er fordelane med å bruke elektronisk sponsorskjema?
Viss du har fylt ut eit elektronisk sponsorskjema og søkjaren legg ved sponsorkoden på fire ord (og annan relevant dokumentasjon) saman med visumsøknaden, vil det vanlegvis ikkje vere behov for å innhente ytterlegare informasjon frå sponsor/verten i Noreg. Dette vil som regel redusere behandlingstida.
Dersom søkjaren derimot ikkje sender inn ein sponsorkode eller dokumenterer at dei har nok midlar til opphaldet saman med visumsøknaden, må søkjaren forvente lengre behandlingstid, ettersom informasjonen i sponsorskjema på papir da må verifiserast av utlendingsmyndigheitene.