Kva er fordelane ved at eg har sponsorkode og ikkje papirskjema (sponsoren min har brukt elektronisk skjema)?
Viss sponsoren din har fylt ut eit elektronisk sponsorskjema og du legg ved sponsorkoden på fire ord (og annan relevant dokumentasjon) saman med visumsøknaden, vil det vanlegvis ikkje vere behov for å innhente ytterlegare informasjon frå sponsor/verten i Noreg. Dette vil som regel redusere behandlingstida.
Dersom du derimot ikkje sender inn ein sponsorkode (eller dokumenterer at du har nok midlar til opphaldet saman med visumsøknaden), må du forvente lengre behandlingstid, ettersom informasjonen i sponsorskjema på papir må verifiserast av utlendingsmyndigheitene.