Slik går du fram når du er frå ei bedrift/ein organisasjon
For å kunne vere økonomisk sponsor, må du fylle ut eit sponsorskjema som representant for bedrifta/organisasjonen. Viss verksemda skal vere sponsor for meir enn ein person, må du sende eit eige sponsorskjema for kvar person som skal besøkje dykk.
Krav til verksemda
Bedrifta eller organisasjonen må vere registrert i Noreg.
Representanten i verksemda må fylle ut eit elektronisk sponsorskjema.
Representanten må sende koden på fire ord videre til personen som skal besøke dere.
Søker må fylle ut søknad om besøksvisum og oppgi koden på fire ord.
Søker må skrive ut en kopi av det elektroniske sponsorskjemaet og levere dette sammen med de andre søknadsdokumentene sine på utenriksstasjonen eller søknadssenteret.
Verksemda må stemple sponsorskjemaet med det offisielle stempelet til bedrifta og sende det ferdig utfylte skjemaet til den som skal besøkje dykk. Representanten må signere skjemaet for hand. Skjemaet kan sendast til den som kjem på besøk via epost eller post.
Den som skal søkje visum for å komme på besøk må levere sponsorskjemaet saman med dei andre søknadsdokumenta sine på utanriksstasjonen eller søknadssenteret.
Dersom søkjaren får ja på søknaden om visum må vedkommande ta med seg sponsorskjemaet ved innreise til Noreg.
Merk! Sponsorskjemaet kan berre brukast for éin innreise til Schengenområdet. Viss søkjaren får eit visum som er gyldig for fleire innreiser, må verksemda fylle ut eit nytt sponsorskjema for kvart besøk.