Du må sende ferdig utfylt og signert skjema til den som skal besøkje deg. Skjemaet må vere signert for hand. Du kan sende skjemaet til den som skal besøkje deg via epost eller post.
Den som skal besøkje deg må ta med seg sponsorskjemaet når dei reiser.
Merk! Dersom du stiller som sponsor på vegner av ei bedrift eller organisasjon, må verksemda oppgi ein kontaktperson i skjemaet. Verksemda må også stemple sponsorskjemaet med det offisielle stempelet til bedrifta.