Dersom arbeidsgivaren/oppdragsgivaren leverer søknaden om opphaldsløyve på vegner av arbeidstakaren
- Arbeidsgivaren/oppdragsgivaren må ha skriftleg fullmakt (pdf, 199 kB) frå arbeidstakaren, og vise fram fullmakta når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
- Arbeidsgivaren/oppdragsgivaren må be om tidleg arbeidsstart når han eller ho leverer søknaden om opphaldsløyve til politiet.
- Politiet kan då gi ei stadfesting på at arbeidstakaren kan jobbe for denne arbeidsgivaren/oppdragsgivaren fram til søknaden om opphaldsløyve er behandla (stadfesting på tidleg arbeidsstart). Arbeidstakaren kan ikkje byte arbeidsgivar eller oppdragsgivar.
- Dersom arbeidstakaren treng eit visum for å reise inn i Noreg, kan han eller ho få dette ved ein norsk ambassade. Arbeidstakaren må vise fram stadfesting på tidleg arbeidsstart ved den norske ambassaden. Andre land sine ambassadar kan ikkje gi denne typen innreisevisum. Dersom arbeidstakaren bur i eit land der svenske eller danske ambassadar representerer norske myndigheiter, må han eller ho kontakte ein norsk ambassade i eit land der svenske eller danske ambassadar ikkje representerer norske myndigheiter. Sjå oversikt over ambassadar for å sjekke om ambassaden er norsk eller ikkje.
NB! Etter at politiet har sendt søknaden til UDI for handsaming, er det ikkje mogleg å få ei stadfesting på tidleg arbeidsstart.