Dersom du er tilsett i eit selskap i eit anna EU/EØS-land, og skal utføre eit oppdrag for dette selskapet i Noreg, er det eigne reglar for deg.
- Viss du er tilsett i eit selskap som er etablert i eit anna EU/EØS-land, og skal gjera eit mellombels oppdrag for dette selskapet i Noreg, har du rett til å arbeida utan opphaldsløyve.
- Viss du skal vera i Noreg i meir enn tre månader, må du søka om opphaldskort. Dette er gratis. Du må søka seinast tre månader etter at du kom til Noreg.
- Viss du fyller krava nedanfor, kan du flytta til Noreg og byrja å jobba med ein gong. Du må ha med deg dokumentasjon på at du fyller krava under ved opphaldet i Noreg, uansett om du skal vera i Noreg i meir eller mindre enn 3 månader.
-
Krav til arbeidstakaren
Krav
- Du er tilsett i eit selskap i eit EU/EØS-land som
- har kontrakt med eit norsk firma om å gjera eit mellombels oppdrag i Noreg eller,
- skal etablera seg i Noreg.
- Du må ha lovleg opphald i det EU/EØS-landet arbeidsgivaren din er etablert i.
- Firmaet du er tilsett i har eit mellombels oppdrag i Noreg. Det vi si at oppdraget har avgrensa varigheit, og oppdraget ikkje er nødvendig for dagleg drift hos den norske oppdragsgivaren.
- Dersom firmaet du jobbar i, skal etablere seg i Noreg, må du ha ei leiarstilling eller spesiell kompetanse som er avgjerande for at firmaet skal kunne etablere seg her.
Rettar og plikter
- Du kan få opphaldskort for eitt år om gongen.
- Dersom du ønskjer å bli i Noreg i meir enn eitt år, må du søkje om å fornye kortet før det går ut. Du søkjer på same måte som første gong.
- Du kan ikkje ta med deg familien din til Noreg og du kan ikkje få varig opphaldsrett.
- Du er tilsett i eit selskap i eit EU/EØS-land som