Utanlandskregistrert skip i internasjonal trafikk


Nokre sjøfolk på utanlandskregistrerte skip treng ikkje opphaldsløyve for å arbeide i Noreg. Du må høyre til ei av desse gruppene:

  • Du arbeider på eit utanlandskregistrert cruiseskip.
  • Du arbeider på eit utanlandsk skip som er registrert i eit skipsregister i eit EØS-land.
  • Du arbeider på eit utanlandskregistrert skip som skal frakte gods eller passasjerar i Noreg i inntil tre månader.
    • Dersom skipet skal frakte gods eller passasjerar i Noreg i ein samanhengande periode på meir enn tre månader, må du søkje om opphaldsløyve for sjøfolk på utanlandsk skip mellom norske hamner. Perioden blir rekna som samanhengande sjølv om skipet har vore på to korte reiser eller oppdrag til andre land i inntil ti dagar til saman.