Når får eg svar på søknaden min om besøksvisum?


Viss søknaden blir behandla av ansvarleg ambassade i landet der du søkjer, får du vanlegvis svar innan 15 dagar etter at du leverte søknaden på VFS-søknadssenteret, ambassaden eller konsulatet.

Dersom søknaden din blir behandla av ein ambassade i eit anna land, vil det ta nokre dagar ekstra fordi søknaden din skal bli send med bod til og frå ambassaden.

Dei aller fleste søknadene blir behandla av ambassaden, men viss ambassaden er i tvil om du kan få visum, sender dei søknaden din til UDI.

Vi kan ikkje svare på om saka di vil bli send til UDI, sidan det er ambassaden som bestemmer dette. Viss saka di blir send til UDI

  • får du beskjed om det på e-post eller sms
  • får du vanlegvis svar innan 45 dagar etter at du leverte søknaden på VFS-søknadsenteret, ambassaden eller konsulatet

Du finner meir informasjon om ventidene våre her.