Kan eg reise når eg ikkje har gyldig opphaldskort?


Viss du er familiemedlem av ein EU/EØS-borgar og har ein søknad om opphaldskort/varig opphaldskort til behandling, bør du ikkje reise ut av Noreg før du har eit gyldig opphaldskort.

Viss du vel å reise frå Noreg utan at du har eit gyldig opphaldskort, kan du få problem ved innreise og mellomlanding i andre land. Du må også vere førebudd på forvente å bruke lang tid i grensekontrollen i Noreg, når du kjem tilbake. UDI kan ikkje svare på spørsmål om korleis grensekontrollen blir praktisert i Noreg eller i andre land. Vi kan heller ikkje skrive stadfestingar som kan brukast for å reise, og som flyselskap eller andre lands styresmakter med tryggleik vil godta. Alle reiser utan opphaldskort vil vere på eigen risiko.

Viss du er frå eit visumpliktig land og ikkje har gyldig opphaldskort i Noreg, må du ha besøksvisum (Schengenvisum) for å returnere til Noreg. Når du søkjer om besøksvisum må du levere inn dokumentasjon på familieforholdet ditt til EU/EØS-borgaren og dokumentasjon på at han eller ho er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande, tenesteytar, har tilstrekkeleg midlar eller er student i Noreg. Du har i utgangspunktet krav på visum, rett på prioritert saksbehandling av visumsøknaden og du treng ikkje betale gebyr. Du må sjølv sjekke ventetider for visum ved den aktuelle utanriksstasjonen på nettsidene deira. Her finn du meir informasjon om besøksvisum.