Viss du får eit studieløyve, får du automatisk også løyve til å arbeide 20 timar per veke, inkludert fjernarbeid, ved sida av studiane og heiltid i feriane.
Du kan søkje om eit løyve til å arbeide heiltid i løpet av studieåret, viss arbeidet er ein del av utdanningsplanen din. Då må du be om dette skriftleg når du søkjer eller seinare.
Du kan ikkje vere sjølvstendig næringsdrivande eller ha eit enkeltpersonsforetak i Noreg.