For å få eit opphaldsløyve for å arbeide i Noreg må lønns- og arbeidsvilkåra dine vere på nivå med det som er vanleg i Noreg. Dei årlege justeringane vi har gjort av desse beløpa, har ikkje vore tilstrekkeleg til å følgje lønnsveksten i Noreg. Vi har derfor gjort ei større justering av beløpa for normallønn.
Kor mykje må du få i lønn?
- Dersom du skal jobbe i ein bransje med tariffavtale, må du få tarifflønn.
- Dersom du skal jobbe i ein bransje utan tariffavtale, kan lønna di ikkje vere dårlegare enn det som er normalt for yrket ditt der du skal jobbe. Vi kjem til å krevje følgjande beløp frå 1. september 2025:
- Dersom stillinga krev mastergrad, skal du ha ei lønn på minst 599 200 kroner i året før skatt.
- Dersom stillinga krev bachelorgrad, skal du ha ei lønn på minst 522 600 kroner i året før skatt.
Vi kan godta lågare lønn dersom du dokumenterer at dette er normalt for yrket ditt der du skal jobbe, men det skal svært mykje til å dokumentere dette. Du skal ha ei lønn minst på dette nivået frå 1. september 2025 sjølv om det står ei lågare lønn i arbeidstilbodet i saka di.
Vi har brukt lønnsnivå frå hovudtariffavtalen mellom Kommunesektorens organisasjon (KS) og arbeidstakarorganisasjonane for å fastsetje dei nye lønnsvilkåra.