To nye asylmottak


UDI har tildelt avtalar om to nye ordinære asylmottak i Malvik kommune i region Midt-Noreg og Alver kommune i region Vest.

Publisert: 08.11.2023

Tildeling av kontraktane er eit resultat av ein konkurranse om drift av ordinære asylmottak (basismottak).

Det er Hero Norge AS som er driftsoperatør av begge mottaka og oppstart er seinast 7. januar 2024.

Begge asylmottaka har 150 plassar, og kontrakten strekk seg over seks år med moglegheit for forlenging.

Mottaket i Malvik, som ligg på Vikhammer motell, har inntil heilt nyleg vore akuttinnkvartering. Mottaket i Alver kommune, som ligg på Radøytunet, fungerte som akuttinnkvartering i 2016.

Nyleg gjennomførte UDI også ein eigen anbodskonkurranse for å opprette nye akuttinnkvarteringar.

Du kan lese om krav til drift av dei ulike mottaka her.

Fant du det du lette etter?