UDI fjernintervjuar framleis overføringsflyktningane


Trass i den pågåande pandemien fortset uttaket av overføringsflyktningar, men pandemisituasjonen har også i år stor betydning for kor mange flyktningar UDI kan gi innreiseløyve til.

Overføringsflyktningar er personar som vanlegvis er registrerte som flyktningar hos FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), men som ikkje kan tilbydast ei varig løysing i det landa dei er og som derfor bør overførast til eit tredje land.

Noreg skal kvart år gi løyve til overføringsflyktninger i samsvar med ein kvote som er politisk bestemd.  (pdf, 315 kB)

Kvoten for overføringsflyktningar er i 2021 er sett til 3 000. I tillegg er 608 ubrukte plassar frå i fjor overført til i år.

Den pågåande pandemien med reiserestriksjonar og høgt smittetrykk, forhindrar fysiske intervju av flyktningane. Derfor har UDI så langt i år berre gjennomført fjernintervju, som er meir arbeidskrevjande å leggje til rette for. Intervju ansikt til ansikt er framleis den føretrekte metoden for uttak.

900 så langt i år

Vi har innvilga litt under 900 overføringsflyktningar så langt i år. Det har vorte gjennomført fjernintervju med flyktningar i Uganda, Libya, Kenya, frå transittsenteret og leirar i Rwanda, Irak og Libanon.

Dei største nasjonalitetsgruppene innvilga så langt i år er syrarar, kongolesarar, eritrearar, sudanske og sørsudanske flyktningar.

Med planlagde fjernuttak resten av året vil vi ha innvilga 2 200–2 400 flyktningar ved utgangen av 2021.

Dersom det igjen blir mogleg å gjennomføre fysiske uttak mot slutten av året, vil dette talet kunne aukast noko. For å kunne gjennomføre fysiske uttak, må smittesituasjonen ikkje berre vere betre i Noreg, men også i landa der flyktningane oppheld seg.

Reisa til Noreg

Det er omfattande covid-19-utbrot i fleire av landa der flyktningane reiser frå. Det har medført at reisa til Noreg så langt i år, har teke lengre tid enn det UDI føresette på byrjinga av året.

Dette forseinkar ei rekkje ledd vidare i prosessen: Kulturorientering til flyktningane blir forseinka, kapasiteten hos ambassaden til å utskrive reisedokument blir redusert, det tek lenger tid å få utreiseløyve for flyktningane, og flyktningane eller familiemedlemmene deira kan vere smitta av covid-19, slik at reisa må utsetjast.

Innreisekarantene

Flyktningene som kjem til Noreg, må i innreisekarantene i busetjingskommunen, som regel i bustaden der flyktningane skal halde fram med å bu. Flyktningane må teste seg for covid-19 ved framkomsten til Noreg. Testen blir gjennomført ved testsenteret på Oslo lufthavn Gardermoen (OSL). Berre i tilfelle der testen påviser smitte av covid-19, vil flyktningane bli viste til karantenehotell.

Så langt i år har det komme noko over 500 overføringsflyktningar til Noreg. Det er ytterlegare over 2 000 i prosess for å reise hit. Dei 2 500 er både flyktningar som fekk innreiseløyve i 2020 og så langt i år.

Det er ikkje realistisk å forvente at meir enn 200 personar til som vi innvilgar før sommaren, kan komme i år. Dette gir totalt ein prognose for innkomstar i 2021 på litt over 2 700. Flyktningar som får innvilga innreise etter sommaren, vil komme i 2022.

Fant du det du lette etter?