Vi oppmodar deg som vil hjelpe flyktningar til å sjå kva dei etablerte, frivillige organisasjonane skriv på nettsidene sine om kva slags hjelp dei organiserer, og om dei har behov for hjelp frå privatpersonar.
Vi opplever eit stort engasjement frå privatpersonar som ønskjer å bidra. UDI set stor pris på engasjementet frå sivilsamfunnet, men vi ønskjer at hjelpa skal komme til nytte på best mogleg måte.
Dei som søkjer om asyl i Noreg, får delt ut det nødvendigste dei har behov for ved Nasjonalt mottakssenter: Ein klespakke med klede og sko til alle årstider, sengetøy og hygienepakkar til store og små (bleiar og liknande).
På mottakssenteret må vi bruke tida vår på å vareta dei som har komme og har dessverre ikkje kapasitet til å ta imot og distribuere gåver.