Nettsiden www.udi.no fungerer ikke i nettleseren Opera Mini, som du bruker nå. Du må bruke en annen nettleser, for eksempel Opera eller standardnettleseren på telefonen din.
Kven har ansvar for helsetenester til asylsøkjarar?
Kommunen har ansvaret for at dei som oppheld seg i kommunen får helsehjelp. Det gjeld også asylsøkjarar.
Dei fire regionale helseføretaka skal sørgje for at det blir tilbode spesialisthelsetenester, både somatisk og psykisk helsehjelp.
Fylkeskommunen skal sørgje for at nødvendig tannhelsehjelp er tilgjengeleg for asylsøkjarar som oppheld seg i kommunen.
Treng du helseopplysningar om ein asylsøkjar, må du skaffe desse opplysningane på same måte som for andre pasientar.
UDIs rolle
UDI har ansvar for å leggje til rette for at bebuarar i mottak får tilgang til helsetenester når dei treng det. Det er kommunehelsetenestene og dei regionale helseføretaka som skal yte helsetenester.
UDI har ansvar for at kommunen får melding om asylsøkjarar som oppheld seg i kommunen, slik at kommunen kan sørgje for helsetenestene asylsøkjarane har rett til.
UDI oppbevarer ikkje helseopplysningar om asylsøkjarar.