Forsiden
Asylmottak
Jobber i ein kommune
Helsetenester
Personar med endeleg avslag og retten til helsetenester
Personar med endeleg avslag og retten til helsetenester
Personar med endeleg avslag skal betale helsebehandling fullt ut.
Desse har likevel rett på akutthjelp og helsehjelp som er heilt nødvendig og ikkje kan vente.
De har ikkje lov til å krevje betaling på førehand for helsetenester, eller nekte nokon denne typen helsehjelp sjølv om de trur dei ikkje kan betale.
Smittevernhjelp er gratis, også for dei som har endeleg avslag.
Barn utan lovleg opphald har rett til gratis hjelp frå helsestasjon og skulehelsetenesta. Andre helsetenester må dei betale for.
Sjukehus kan krevje betaling for hjelp ved fødsel.