Kva er eit asylmottak?


Kort sagt er eit asylmottak

  • eit frivillig butilbod for asylsøkjarar.
  • bemanna av dei som driv mottaket på dagtid.
  • ein stad med bebuarar som har rett til offentlege tenester på lik linje med andre innbyggjarar i kommunen.

Ankomstsenter

Ny ordning frå 2015. Samordna registrering av asylsøkjarar. Prosessen på mottakssenter:

  • Registrering hos politiet, mellom anna identitet og reiserute
  • Registrering i UDIs asylmottakssystem

Etter nokre dagar blir flytta asylsøkjarane vidare til eit anna mottak.

Transittmottak

  • Mottak der asylsøkjarar bur i ein kortare periode i starten av opphaldet sitt.
  • Eigne transittmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år.

Ordinære mottak

  • Fleirtalet av asylmottak er ordinære mottak.
  • Asylsøkjarar bur vanlegvis i ordinære mottak medan søknaden deira blir behandla. Dei bur også i desse mottaka medan dei ventar på busetjing eller retur.
  • Einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år får tilbod om å bu i eigne mottak eller avdelingar som er tilpassa behova deira. Desse mottaka er døgnbemanna, og som regel mindre enn andre mottak.

Tilrettelagde avdelingar

  • Tilbud som er tilpassa asylsøkjarar med fysiske eller psykiske hjelpebehov.
  • Primært for asylsøkjarar med psykiske plager, men som ikkje er så sjuke at dei treng psykiatrisk behandling.
  • Det er frivillig å bu i ei tilrettelagd avdeling.

Omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år

Akuttinnkvarteringar

  • Akuttinnkvarteringer er eit mellombels butilbod til asylsøkjarar i periodar med store og/eller raske innkomstar, og der det ikkje er mogleg å få på plass ordinær mottakskapasitet raskt nok eller i tilstrekkeleg volum. Tilbodet er nøkternt og skal sikre det grunnleggjande behovet til bebuarane og behova deira for tryggleik.

    Informasjon til vertskommunar for akuttinnkvartering (pdf, 178 kB)